TRETEMA AS

...vart etablert i desember 2001 som ei vidareføring av eit lauvtreprosjekt i regi av Balestrand kommune og SND. Selskapet sitt satsingsområde er verdiskaping rundt lokalt lauvtrevirke og gamalt grovt furutømmer som ein finn mykje av i Sogn. Selskapet er tilslutta Foreningen Norske Lauvtrebruk, men tek ikkje sikte på å utvikle ei typisk sagbrukverksemd.

TANKEN BAK...

Mange er etterkvart opptekne av at vestlandsliene gror ned med lauvskog. Kulturlandskap forsvinn, og vegane våre liknar meir og meir på ”grøne tunnellar” Utviklinga går snøgt, og ulike tiltak vert diskutert. Tretema AS ynskjer å visa at lauvskogen er, og kan verta ein endå større resurs for Vestlandet. Gjennom uttak, bearbeiding og stell av lauvskogen vil ein få eit virke som både er variert, vakkert og ”eksotisk”. På kjøpet vil ein få ein landskapsmessig gevinst som vil gagne både landbruk og turisme.

NETTVERKSBYGGING...

Vårt mål er at lokalt lauvtrevirke skal bli avvirka, tørka og vera tilgjengeleg i marknaden både for småskalahandverk og industri. For å lukkast med ei slik satsing er det heilt naudsynt med nettverksbygging og samarbeid mellom ulike aktørar

TRETEMA AS

Kvist
6899 BALESTRAND
Tlf: 57 69 33 90
Faks: 57 69 33 91
post@tretema.no